Hawit godtek utlevering

(NPK-NTB-AFP): Fifa-visepresident Alfredo Hawit har godteke å bli utlevert til USA, opplyste sveitsiske styresmakter onsdag.

Hawit, som er president i fotballforbundet for Nord- og Mellom-Amerika og Karibia (CONCACAF) i tillegg til vervet som Fifa-visepresident, blir den femte Fifa-leiaren som blir utlevert frå Sveits til USA for å bli stilt for retten for ei korrupsjonsskulding.

Han er mistenkt for å ha teke imot mutingar på millionar av dollar i samband med sal av rettar.

Hawit er suspendert av Fifa frå all fotballaktivitet.

Ni Fifa-leiarar er blitt gripne av sveitsiske styresmakter i to aksjonar mot eit luksushotell i Zürich, høvesvis 27. mai og 3. desember. Hawit var ein av dei som blei gripne i desember.

Onsdag godtok fotballeiaren frå Honduras den amerikanske oppmodinga om utlevering.

Tidlegare er Jeffrey Web (Caymanøyane), José Maria Marin (Brasil), Juan Angel Napout (Paraguay) og Eduardo li (Costa Rica) utleverte til USA.

Eugenio Figueredo er utlevert til heimlandet Uruguay sjølv om også USA har kravd han utlevert.

Tre andre motset seg framleis utlevering. Det er Julio Rocha, Costas Takkas og Rafael Esquivel. (©NPK)