Klargjør siden...
Annonse

Hegerberg før Gullballen: – Stolt av å vere her igjen

Ada Hegerberg var måndag tilbake på Gullballen-utdelinga etter skademarerittet som kosta henne nesten to heile sesongar på fotballbanen.

Hegerberg er blant dei nominerte til Gullballen. Ho leverte ein svært solid sesong for klubblaget Lyon etter skadecomebacket i fjor haust.

Måndag gjekk ho på den raude løparen i Paris saman med resten av stjernene.

– Dette er ei spesiell kjensle. 2018 er lenge sidan, men samtidig kjennest det som om det var i går. Eg er berre æra over å vere her igjen etter ein lang skadeperiode, sa den norske landslagsprofilen.

– Det har vore ein fantastisk sesong. Eg er stolt over å vere her saman med nokre av dei beste for å feire fotballen igjen, sa ho.

Hegerberg vart den første kvinnelege Gullballen-vinnaren i 2018. Det er sportsmagasinet France Football som står bak den prestisjetunge kåringa.

Amerikanske Megan Rapinoe gjekk sigrande ut i 2019. Det følgjande året vart utdelinga avlyst på grunn av koronapandemien. I fjor gjekk Gullballen til spanske Alexia Putellas. Ho er lagvenninne med Caroline Graham Hansen i Barcelona.

(©NPK)

Ada Hegerberg var på Gullballen-utdeling i Paris måndag. Foto: Terje Pedersen / NTB

Annonse