Annonse

Hegerberg tangerte målrekorden i meisterligaen

Ada Hegerberg scora onsdag sitt 50. og 51. mål i Champions League. Dermed har Lyon-spissen tangert rekorden til tyske Anja Mittag.

Lyon spelte bortekamp i åttedelsfinalen mot danske Fortuna Hjørring, og Hegerberg brukte 16 minutt på å score det første målet i kampen frå straffemerket. Ho fekk sjansen frå elleve meter då Dzsenifer Marozsán vart felt i Fortuna-boksen, og ho sette ballen kontrollert ned i venstre hjørne.

Eugénie Le Sommer auka leiinga til Lyon to gonger før pause. Det andre målet hennar var ei verkeleg perle av eit langskot som gjekk inn i lengste kryss.

Åtte minutt ut i andre omgang var Hegerberg høgast i feltet og stanga inn eit frispark frå Marozsan. Det var det 51. Champions League-målet hennar, det 47. i Lyon-drakt.

Hegerberg går svært sjeldan av banen utan å score, og i meisterligaen har ho vore svært heit. 24-åringen frå Sunndalsøra scora hat-trick i finalen mot Barcelona i mai, og i 16.-delsfinalen i haust scora ho fem mål (to heime og tre borte) i dobbeltkampen mot Rjazan.

Lyon har vunne meisterligaen fire år på rad og er favoritt òg denne sesongen. Dermed tyder mykje på at Hegerberg får scoringsrekorden åleine om relativt kort tid.

I Tyskland hadde Ingrid Syrstad Engen målgivande pasning då Wolfsburg scora det første målet sitt i 6-0-sigeren over Twente. Zsanett Jakabfi scora to gonger før pause, medan Dominique Bloodworth (2), Pernille Harder og Fridolina Rolfö teikna seg på scoringslista i andre omgang.

Kristine Minde er skadd og var ikkje med i troppen til Wolfsburg.

(©NPK)

Ada Hegerberg scorar på bestilling for Lyon.
Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix