Klargjør siden...

Heiberg: – Vi har vore dumme og naive

(NPK-NTB): Gerhard Heiberg legg ikkje noko mellom etter det russiske dopingsjokket. Han erkjenner at IOC har vore for godtruande overfor Russland.

Måndag kom rapporten som avdekte eit statleg dopingprogram innan russisk idrett. Reaksjonane har vore sterke. Det internasjonale antidopingbyrået (WADA) ber Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) om å stengje ute Russland frå Rio-OL.

– Noko verre enn dette kunne vi ikkje tenkje oss. Det er doping sett i system og dirigert av staten. Det er eit sjokk, men diverre er det ikkje heilt uventa. Vi håpai det lengste at det ikkje skulle vere så ille, seier Heiberg til Aftenposten.

Ifølgje det norske IOC-medlemmen har den olympiske rørsla hatt eit naivt forhold til russane. Russland arrangerte vinter-OL i Sotsji i 2014, og det var under desse leikane at fleire prøver skal ha blitt tukla med.

– Antidopingarbeidet har vore bygd på eit tillitsforhold frå toppen av styresmaktene i Russland og nedover. Vi har vore naive og stolt på at avtalane som var inngått, blei haldne. Ja, vi har vore dumme. Det er ingen tvil om det. Det må både vi og Russland betale for no, seier Heiberg.

IOC skal tysdag vurdere kva for konsekvensar dopingavsløringane skal få for Russland. Rio-OL startar 5. august. (©NPK)

Annonse