Klargjør siden...
Annonse

Heiberg vil ha ny OL-debatt

(NPK-NTB): IOC-veteran Gerhard Heiberg vil dra i gang debatten om eit nytt OL i Noreg. Han lokkar med ein milliard dollar frå Den internasjonale olympiske komiteen.

Politikarane på Lillehammer har signalisert at dei er villige, men heile OL-ideen har lege brakk etter at Oslos olympiske prosjekt stranda i 2013. Heiberg vil ha idrettsrørsla på bana i ein ny debatt etter å ha rydda nokre «misforståingar» av vegen, skriv Dagbladet.

– Eg har sjølvsagt registrert kritikken etter søknaden frå Oslo. Det peika seg særleg ut to forhold. Det eine går på kostnad, kor dyrt OL ville bli. Det andre er oppfatninga av IOC som eit pampevelde. Det kom veldig uheldig ut. Det kunne virke som eit slags krav å behandle IOC som kongelege, seier OL-generalen frå leikane i 1994. Han vil snakke om «Agenda 2020», som han seier på mange måtar inneber eit systemskifte.

– For det første er det ikkje IOC, i motsetning til tidlegare, som dikterer vilkåra. Ein open kommunikasjon mellom søkar og IOC blir vektlagt. I langt større grad enn tidlegare er det mogleg å lage eit OL prega av verdiane og kulturen i arrangørlandet, seier Heiberg.

Heiberg fristar eventuelle søkarar med TV- og sponsormilliardar, fordelt av komiteen han sjølv sit i.

– Vi må hugse at IOC i dei komande vinter-OL vil støtte ein arrangør med bortimot ein milliard dollar, seier han. (©NPK)

Annonse