Annonse

Helfo: Mange pasientar får det populære slankemiddelet Ozempic på feil grunnlag

Ein Helfo-kontroll avdekkjer at mange pasientar får Ozempic på blå resept på feil grunnlag. Åtte av ti legar har no fått pålegg om å endre praksis.

Ozempic er eit legemiddel som blir nytta i behandling av diabetes type 2. Legemiddelet har også ein vektreduserande effekt, men det er ikkje tillate å føreskrive Ozempic på blå resept ved behandling av fedme og overvekt, skriv Helfo.

I ein kontroll av legar si føreskriving av legemiddelet har Helfo likevel oppdaga at ti av ti legar som vart kontrollert, har føreskrive Ozempic i strid med refusjonsreglane. Den vanlegaste årsaka var fedmebehandling.

– All føreskriving som vart kontrollert i kontrollen vår, var utanfor refusjonsrettmessig bruk. Feil føreskriving av Ozempic var i all hovudsak knytt til fedmebehandling. Dei kontrollerte legane representerer både fastlegepraksisar og spesialisthelsetenesta og dei er frå ulike delar av Noreg, seier seksjonssjef Ole Trapness i Helfo kontroll.

Dei ti legane vart valde ut til kontroll basert på risiko for feil føreskriving fordi dei har føreskrive Ozempic utan samtidig bruk av metformin, som reduserer blodsukkeret hos pasientar med diabetes type 2. Dette er eit av vilkåra for å få middelet på blå resept. Kontrollperioden var frå januar 2021 til oktober 2022.

Åtte av legane har no vorte bede om å endre praksisen sin. Dei to siste har fått varsel eller vedtak om strengare reaksjonar, men ikkje på grunn av feilføreskrivinga av Ozempic.

Blå reseptar er reseptar som heilt eller delvis blir dekt av folketrygda. Ozempic kan berre føreskrivast på blå resept ved behandling av diabetes type 2 etter nærare bestemde vilkår om kombinasjonsbehandling med metformin.

Legemiddelet blir produsert av det danske legemiddelfirmaet Novo Nordisk.

(©NPK)

Ozempic blir føreskrive på blå resept til mange pasienter på feil grunnlag. Foto: Frederik Ringnes / NTB / NPK

Annonse