Klargjør siden...
Annonse

Helga Pedersen (Ap) vil på Sametinget

(NPK-NTB): Tidlegare Ap-nestleiar og fiskeriminister Helga Pedersen ønskjer å halda fram i politikken på Sametinget og opnar for å ta kampen om å bli sametingspresident.

Pedersen har gjeve nominasjonskomiteen grønt lys for å stå på førsteplassen på lista til Arbeidarpartiet i Austre valkrets til neste sametingsval, fortel iFinnmark.

Pedersen har takka nei til attval til Stortinget, der ho har vore vald inn frå Finnmark sidan 2009.

Til avisa seier ho at det er hyggjeleg å bli nemnd som presidentkandidat, men at det viktigaste for henne er å gjera ein jobb for det samiske uansett kva verv ho måtte få etter sametingsvalet.

Nominasjonsmøtet i Austre valkrets blir halde 30. september, medan nominasjonsmøtet som vel president- og visepresidentkandidat blir halde 19. – 20. november. Austre valkrets er sett saman av kommunane Sør-Varanger, Nesseby, Vadsø, Vardø, Båtsfjord, Tana, Berlevåg, Lebesby og Gamvik. (©NPK)

Annonse