Helge Lund blir ikkje toppsjef

(NPK-NTB): Tidlegare Statoil-sjef Helge Lund blir styremedlem og ikkje toppsjef i oljeserviceselskapet Schlumberger, slik Wall Street Journal fortalde tidlegare i dag i , fortel DN.

53-årige Lund slutta i Statoil i 2014 etter ti år i stillinga og blei då toppsjef i olje- og gasselskapet BG Group. Han slutta der då Shell tok over selskapet.

Norske Paal Kibsgaard er i dag styreleiar og administrerande direktør i Schlumberger.

Schlumberger blei stifta i Frankrike i 1926 og er i dag størst i verda innan oljeservice. Tidlegare torsdag kom meldinga om at Lund hadde blitt styremedlem i selskapet, men torsdag ettermiddag skriv Wall Street Journal at han blir administrerande direktør. (©NPK)