Helikopter havarerte i Sogn – ingen skadd

(NPK-NTB): Eit lite helikopter havarerte i forsøket på ei kontrollert nødlanding i Leikanger i Sogn og Fjordane. Dei to som var om bord, kom frå det utan skader.

Meldinga om ulykka kom klokka 14.13 tysdag. Tidlege meldingar gjekk ifølgje politiet i Sogn og Fjordane ut på at helikopteret havarerte i sjøen, men det skjedde i eit fjellområde.

Politiet opplyser til Bergens Tidende at helikopteret fekk oppdriftsproblem. Flygarane prøvde å gjennomføra ei kontrollert nødlanding, men havarerte.

Maskina var ein del av eit følgje på fem små helikopter. Dei som var i helikopteret som styrta, er tekne med i andre helikopter.

Dei fem helikoptera er tyske og letta frå Førde lufthamn Bringeland, ifølgje Bergens Tidende.

– Helikoptera har landa på mange flyplassar, og Bringeland var berre ein av desse, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal.

Det dreier seg om eit lite helikopter frå produsenten Robinson. Så langt er ulykkesårsaka ikkje kjend, men Statens havarikommisjon for transport har sendt folk til Leikanger for å granska hendinga. (©NPK)

Annonse