Klargjør siden...
Annonse

Helikopter Service skal stille med redningshelikopter i Florø

(NPK-NTB): CHC Helikopter Service har underteikna ein kontrakt med Justisdepartementet om å stille med eit døgnbemanna redningshelikopter i Florø.

Departementet har som mål å erstatte alle Sea King redningshelikopter i Noreg med nye helikopter innan 2020.

CHC Helikopter Service har no fått i oppdrag å stille med eit døgnbemanna helikopter i Florø frå september 2017 og ut 2020.

– Vi er svært stolte av å bli ein del av dette prosjektet, og vi ser fram til å ta fatt på oppgåva med å sikre ein god helikopterberedskap langs kysten av Noreg, seier administrerande direktør Arne Roland.

Nyheita kjem berre veker etter at eitt av helikoptera til selskapet styrta ved Turøy i Hordaland. I alt 13 personar mista livet i ulykka. (©NPK)

Annonse