Klargjør siden...

Helikopterpilot Olav Bastiansen bisett

(NPK-NTB): Helikopterpilot Olav Bastiansen (57) blei fredag bisett. Han var ein av dei 13 som mista livet i helikopterulykka ved Turøy i Hordaland 29. april.

Bastiansen blei bisett frå Søreide kyrkje, der fleire hundre menneske var til stades.

Olav Bastiansen hadde vore tilsett i CHC Helikopterservice i 27 år og var med det ein av Noregs mest erfarne helikopterpilotar.

– Olav var ein legende i CHC. Han hadde som misjon i livet å skape ein sikkerheitskultur. Hans død er eit tap for heile industrien, sa administrerande direktør i selskapet Karl Fessenden, ifølgje Bergens Tidende.

Helikopteret med tolv menn og ei kvinne om bord styrta ved Turøy nordvest for Sotra i Hordaland etter at rotoren losna. Årsaka er førebels ikkje kjent. Fleire av delane frå helikopteret er sende til Frankrike og England for vidare undersøkingar. (©NPK)

Annonse