Klargjør siden...

Hellas har gitt 800 flyktningar asyl

(NPK-NTB-DPA): Hellas har gitt 800 flyktningar på øya Lesvos asyl, trass returavtalen EU har inngått med Tyrkia.

Etter avtalen mellom EU og Tyrkia skal flyktningar som tar seg sjøvegen frå Tyrkia til dei greske øyane, få avslag på asylsøknadene sine og returnerast. Grunngivinga er at EU reknar Tyrkia for å vere eit trygt land, og at flyktningane derfor kan få asylsøknadene sine behandla på forsvarleg vis der.

Dei greske styresmaktene er ikkje einig i at Tyrkia er eit trygt tredjeland og har derfor innvilga asyl til 800 personar den siste tida, skriv avisa Kathimerini.

Ifølgje Aten-avisa er det først og fremst sjuke, mindreårige, einslege mødrer med barn og flyktningar som har slektningar i Hellas, som får asyl. (©NPK)

Annonse