Klargjør siden...

Helleland held hastemøte om søndagsopent

(NPK-NTB): Rema 1000, NorgesGruppen og Coop er kalla inn når kulturminister Linda Hofstad Helleland (H) held hastemøte om søndagsopne butikkar. Departementet seier dei krev at lova blir følgt.

Møtet finn stad i Kulturdepartementet klokka 12 fredag.

Aktørane i daglegvarebransjen meiner lova om søndagsopne butikkar er uklar og kan tolkast ulikt. Det har vore stor diskusjon den siste tida om korleis reglane er utarbeidde og korleis dei blir handheva.

Handel og Kontor og Virke har i fellesskap utarbeidd køyrereglar for å sikre lik praktisering kjedene imellom, ein såkalla «søndagsplakat». Men Rema 1000 har nekta å signere avtalen. Jan Frode Johansen i Rema Franchise har uttalt til Vårt Land at dei heller ikkje kjem til å gjere det så lenge dei meiner konkurrentane har søndagsopne butikkar som går utover dei 100 lovlege kvadratmeterane.

Statssekretær Bård Folke Fredriksen (H) i Kulturdepartementet seier til VG at dei krev og vil fortsette å krevje at lova blir følgd.

– Det er fastsett i lova at den maksimale storleiken på utsalsstad skal vere 100 kvadratmeter salsflate, seier Fredriksen. Han seier vidare at det i førearbeida til lova er fastslått at ein utsalsstad må vere eit sjølvstendig butikklokale med fastmonterte vegger og eigen inngang. (©NPK)

Annonse