Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Kulturminister Linda Hofseth Helleland (H) er villig til å sjå på kviledagsreglane på nytt, kom det fram på eit møte med daglegvarekjedene fredag.
npk@npk.no
Publisert: 06.05.2016 kl 13:54
Med på møtet var NHO Handel, Virke, Handel og Kontor, Rema 1000, Coop, Samfo og NorgesGruppen. Kjedene har vore svært ueinige om korleis lova skal tolkast.
I høyringsrundar og i fleire meldingar til departementet har det vore ytra ønske om ei utgreiing som ser nærmare på konkurransevilkåra i daglegvarehandelen. Det same ønsket vart framført igjen under møtet fredag.
– For regjeringa har det vore viktig at bransjen kan konkurrere på like vilkår. Eg tar med meg ønsket om ei utgreiing om framtidig lovgiving på dette området, seier kulturministeren i ei pressemelding etter møtet.
– Vi er veldig fornøgd med at kulturministeren no signaliserer at ho ønskjer å greie ut lova på nytt. Det er vi veldig glade for, seier kommunikasjonsdirektør Mette Fossum Beyer i Rema 1000 til NTB. (©NPK)