Helsedirektoratet med nye råd: Dropp all skjermtid for dei minste barna

Helsedirektoratet meiner no at barn under to år bør haldast vekke frå skjermen, og at dei opp til fem år bør ha maks éin times skjermtid om dagen.

– Eit viktig poeng for oss er at skjermen ikkje bør brukast som barnevakt, fordi det å setje barna framfor ein skjerm slik at dei blir passiviserte over lengre tid, ikkje er gunstig, seier helsedirektør Bjørn Guldvog til NTB.

Måndag la Helsedirektoratet fram nye råd om fysisk aktivitet og sitjestilling. Dei er baserte på råd Verdshelseorganisasjonen (WHO) kom med i 2019 og 2020, men er tilpassa noko til norsk kontekst.

Noko av det nye er at Helsedirektoratet no fullstendig frårår skjermtid for barn under to år. Samtidig seier dei at den daglege skjermtida for barna mellom to og fem år bør avgrensast til éin time, og at jo mindre skjermtid, jo betre er det for barna.

Guldvog understrekar at Helsedirektoratet ikkje meiner det er skadeleg med litt skjermtid for barna. Han er også klar på at skjerm kan bidra til å gi barna digital kompetanse og læring.

– Poenget her er at det må vere ein balanse. For barna mellom to og fem år er det betre å leggje vekt på at dei skal vere i fysisk aktivitet og ha sosial kontakt, seier Guldvog.

For dei litt større barna og ungdommane tilrår direktoratet særleg å avgrense passiv skjermtid på fritida.

Tre timar fysisk aktivitet om dagen

Nytt er det også at Helsedirektoratet tilrår at barn i alderen eitt til fem år får tre timar fysisk aktivitet om dagen. Tidlegare har det generelle rådet vore at alle barn og unge bør vere i fysisk aktivitet i minst éin time om dagen.

I og med at dei fleste av småbarna gjennomfører mesteparten av tida dei er vakne på kvardagane i barnehagen, vil mykje av ansvaret for å nå måla om fysisk aktivitet falle på dei tilsette her.

– Inntrykket vårt er at barnehagane er flinke til å aktivisere barna gjennom leik og fysisk utfalding. Dermed overoppfyller dei minste barna i mange tilfelle allereie desse råda, seier Guldvog.

Mindre fysisk aktive jo eldre dei blir

For dei mellom 6 og 17 år er rådet framleis éin times fysisk aktivitet om dagen.

Folkehelserapporten til Folkehelseinstituttet (FHI) som kom i fjor, viser at jo eldre barna blir, jo meir fell andelen som tilfredsstiller tilrådingane for fysisk aktivitet:

  • Blant 6-åringane er 87 prosent av jentene og 94 prosent av gutane aktive nok.
  • Blant 9-åringane er 64 prosent av jentene og 81 prosent av gutane aktive nok.
  • Blant 15-åringane er 40 prosent av jentene og 51 prosent av gutane aktive nok.

All aktivitet tel

Vaksne er likevel desidert dårlegast til å vere fysisk aktive. Ifølgje FHI oppfyller berre rundt 30 prosent av dei vaksne tilrådingane om fysisk aktivitet.

Helsedirektoratet kjem no med eit nytt råd om at all aktivitet tel. Det inneber at fysisk aktivitet med låg intensitet, aktivitetar som blir oppfatta som lette, også tel og er viktig for helsa.

– Det er kanskje det viktigaste nye rådet vi kjem med. Kunnskapen no er tydeleg på at berre det å reise seg opp og gå litt i korridoren eller bevege litt på seg, har noko å seie for helsa. Ein treng ikkje å trene dedikert i minst ti minutt for å få ein helseeffekt. Så for dei som leitar etter den enkle gevinsten, så er det viktig å seie at han også eksisterer, seier Guldvog.

– Viss ein ser på forskjellen frå å vere fullstendig inaktiv til å bevege seg litt, så er det der den største helsegevinsten ligg, seier han.

Tilrår styrkjetrening to gonger i veka

Likevel tilrår direktoratet at vaksne bør vere fysisk aktive i minst 150 til 300 minutt i veka med moderat intensitet per veke, eller minst 75 til 150 minutt med høg aktivitet, eller ein kombinasjon av moderat og høg intensitet. Ein del av denne tilrådinga er styrkjetrening to gonger i veka.

– Kva kan vaksne gjere i kvardagen for å klare å oppfylle råda om fysisk aktivitet?

– Ein bør gjere det til ein rutine å trene eller vere i fysisk aktivitet dei dagane ein ikkje har avtalar på ettermiddagen og kvelden. Eit par dagar i veka bør ein trene styrke i dei store muskelgruppene, og balanse, men det må ikkje nødvendigvis vere på helsestudio. Ein kan også gå eller sykle til jobb.

– Oppfyller du sjølv tilrådingane om fysisk aktivitet?

– Ja, eg oppfyller nok våre eigne råd. Eg er aktiv i alle fall ein time om dagen, ofte på ein enkel måte ved å gå ein kveldstur med kona mi eller noko liknande. I tillegg syklar eg til jobb.

(©NPK)

Helsedirektoratet frårår no all skjermtid for dei minste barna. Illustrasjonsfoto: Paul Kleiven / NTB NPK

Ein treng ikkje å trene for å få ein helseeffekt. Så for dei som leitar etter den enkle gevinsten, så er det viktig å seie at den også eksisterer, seier Guldvog. Å gå tur er for eksempel ein fin måte å halde seg aktiv på. Her frå Orrestranda på Jæren. Arkivfoto: Solveig Vikene / NTB / NPK

Annonse