Annonse
Annonse
Annonse

Helsetoppar: – Ny kreftmedisin kan knekke økonomien

(NPK-NTB): Direktørane i helseregionane har varsla departementet om at nye, dyre kreftmedisinar vil knekke økonomien til sjukehusa.

Annonse

Immunterapi med såkalla PD1-hemmarar, som hjelper kroppens eige immunsystem med å slåst mot kreften har vist lovande resultat. Problemet er at medisinen er så dyr at det er usikkert om verknaden er god nok til å forsvare prisen, skriv Bergens Tidende. Norsk lungekreftforeining meiner behandlinga må takast i bruk umiddelbart, mens Beslutningsforum – der direktørane for dei fire helseregionane sit – har sagt nei. Legemiddelverket har ikkje vurdert saka enno.

Med ein pris på 1,1 millionar kroner per pasient per år, kan den nye behandlinga koste fleire milliardar for helseregionane, påpeikar fagdirektør Bård-Christian Schem i Helse vest i eit notat. 1.500 lungekreftpasientar er aktuelle PD1-mottakarar. I dag får dei medisin som kostar ein brøkdel av immunterapien: 10.000 kroner per år.

I tillegg kan PD1-hemmarar bli aktuelle for fleire andre kreftformer.

Forumet vil be Helsedepartementet engasjere seg i spørsmålet om korleis dei galopperande utgiftene skal handterast. Helseminister Bent Høie (H) seier budsjetta til sjukehusa er auka dei siste åra for å møte auka kostnadar, men legg til at legemiddelindustrien ikkje skal få diktere prisane. (©NPK)