Klargjør siden...

Henrichsen fortset som direktør ved Munchmuseet

(NPK-NTB): Byrådet innstiller Stein Olav Henrichsen som direktør ved Munchmuseet for ein ny åremålsperiode på seks år.

Tysdag blei det offentleggjort at byrådet gir Henrichsen fornya tillit som direktør ved Munchmuseet. Den formelle tilsettinga skjer i byrådet torsdag.

– Henrichsen har auka merksemda for Munchs kunst både nasjonalt og internasjonalt. Han har klare ambisjonar for det nye Munchmuseet og byen vår, seier byrådsleiar Raymond Johansen i ei pressemelding.

På søkjarlista var det totalt ni personar, sju kvinner og to menn.

– Vi har hatt ein grundig prosess med fleire dyktige søkjarar til det som må vere Nord-Europas mest interessant kulturjobb dei neste åra. Stein Olav Henrichsen har utmerkt seg med ambisjonar og innsikt, fortset Johansen. (©NPK)

Annonse