Annonse

Henrik Kristoffersen leier Schladming-slalåmen – alle seks norske vidare

Henrik Kristoffersen var førstemann ut i kveldsslalåmen i Schladming og køyrde inn til ei tid ingen greidde å slå. Seks nordmenn er klare for finaleomgangen.

Kristoffersen er 21 hundredelar føre austerrikske Manuel Feller og 30 framfor sveitsiske Loïc Meillard. Lucas Braathen er på fjerdeplass med 57 hundredelar opp.

Kristoffersen har vunne rennet i Schladming fire gonger og har sikra seg eit utmerkt utgangspunkt for finaleomgangen. Han kan bli den første med fem sigrar i det tradisjonsrike rennet som kvart år samlar 40.000 tilskodarar. Med fire er han likt med Benjamin Raich.

Kristoffersen vann også i 2014, 2016, 2017 og 2020.

Vanskeleg

– Det er litt vanskeleg å vite med startnummer 1. Det var stabilt, safe, bra teknisk, men ikkje noko bingo, sa han til TV 2 og kommenterte også forholda.

– Det var veldig mykje grep. Det hadde allereie slått gjennom i eit par svingar då eg køyrde.

Alle dei åtte beste etter første omgang starta blant dei ti første.

Timon Haugan (startnummer 20) er nummer 10 og Alexander Steen Olsen (30) nummer 19. Dei er einaste med startnummer på 20-talet blant dei ti beste og med startnummer på 30-talet blant dei 20.

Sterk laginnsats

Haugan er 1,44 bak leiaren, Olsen 2,45 bak. Mellom dei er Atle Lie McGrath på 13.-plass (1,73) og Sebastian Foss Solevåg på 15.-plass (2,21). Alle dei seks nordmennene kom inn blant dei 19 beste.

Den sterke tyskaren Linus Straßer rauk rett ut då han fekk skia på kvar si side av 2. port. Alexis Pinturault fekk det ikkje til og tapte over fire sekund til Kristoffersen. Han enda på 31.-plass og får ikkje køyre finaleomgangen.

Verdscupleiar Marco Odermatt, men han er påmeld til storslalåmen i Schladming onsdag.

(©NPK)

Henrik Kristoffersen på veg mot bestetid i første omgang av kveldsslalåmen i Schladming. Foto: Marco Trovati, AP / NTB

Annonse