Annonse

Hermstad: Vi er ved eit vegskilje - fridommen vår står på spel

Inga anna politisk sak er meir alvorleg enn klimatrusselen og tapet av naturmangfald, slår talsperson Arild Hermstad i Miljøpartiet Dei Grønes fast.

- Vi står ved eit vegskilje, der langsiktig tryggleik, fridom og velferd for alle står på spel, sa Hermstad i talen sin til landsmøtet til partiet på Fornebu utanfor Oslo fredag.

- Meir enn nokon gong før treng vi parti som ikkje berre tar augnevitneskildringane på alvor, men også dei vitskaplege rapportane, som blir stadig fleire, om klima- og naturkrisa, sa Hermstad.

Han er for tida også byråd for miljø og samferdsel i Oslo.

- Inga anna politisk sak er meir alvorleg. Trusselen mot livet i havet, mot dyrelivet, mot insekta og plantane må møtast med politiske løysingar. Det krev modige politikarar, sa Hermstad.

(©NPK)