Klargjør siden...

Herrem bekymra etter smell i kneet: – Ei rar kjensle

Den norske landslagsveteranen Camilla Herrem fekk trøbbel med kneet under VM-semifinalen mot Danmark. Ringreven håpar å vere klar til finalen søndag.

Problema oppstod under ei kontring.

– Eg veit ikkje kva som skjedde. Eg håpar eigentleg at det berre er eit slag. Det er ei rar kjensle under kneskåla, men eg klarer ikkje heilt å forstå kva det er. Eg kjende først at det var eit slag. Viss det berre er det, så må eg gjere alt for å bli klar til søndag, sa Herrem til NTB og andre medium.

37-åringen var naturlegvis letta over at det enda med norsk finalebillett.

– Ein sinnssjuk kamp. I første omgang slepper vi til for mange skot frå seks meter, men i andre omgang løftar vi oss veldig, supplerte Herrem.

(©NPK)

Camilla Herrem pådrog seg ein smell i kneet under kampen mot Danmark. Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Annonse