Klargjør siden...

Herrmann-Wick sikra norsk trenartriumf i Hochfilzen: – Kult å ha han der

Denise Herrmann-Wick, som blir trena av norske Sverre Olsbu Røiseland, vann skiskyttarsprinten i Hochfilzen torsdag. Karoline Knotten vart nummer åtte.

Knotten skaut fullt hus på begge skytingane og gjekk inn til ei solid plassering. Ho var 41 sekund bak vinnaren Herrmann-Wick. Tyskaren er regjerande OL-meister på normaldistanse og blir trena av norske Sverre Olsbu Røiseland. Han er gift med den norske stjerna Marte Olsbu Røiseland.

– Det var interessant korleis han kom inn og endra på skytetreninga. Den fysiske treninga var ikkje så ulik. Det er veldig kult å ha han der, sa Herrmann-Wick til NRK.

Tsjekkiske Marketa Davidova tok andreplassen, medan Julia Simon (Frankrike) vart trear.

Karoline Erdal leverte godt med feilfri skyting, medan Ingrid Landmark Tandrevold skaut ni treff og greidde ikkje ta igjen den eine bommen i sporet i palljakta.

– Det var ein skikkeleg dårleg dag. Det var kjipt i løypa, og eg hadde ingenting å gå med, sa Tandrevold.

Ho fekk ein kjempestart på verdscupsesongen med ein 2.-plass på normaldistansen i finske Kontiolahti sist veke.

Verken Emilie Kalkenberg, Ida Lien eller Ragnhild Femsteinevik kom seg inn blant topp 20.

(©NPK)

Denise Herrmann-Wick vann i Hochfilzen torsdag. Foto: Andreas Schaad / AP / NTB

Karoline Knotten vart beste norske i Hochfilzen torsdag. Foto: Andreas Schaad / AP / NTB

Ingrid Landmark Tandrevold under sprintrennet i Hochfilzen torsdag. Foto: Andreas Schaad / AP / NTB

Annonse