Hilde blir vraka og sendt til COC-renn

(NPK-NTB): Halvor Egner Granerud blei sendt heim frå hoppveka, men får sjansen i Willingen på kostnad av Tom Hilde.

Granerud fekk den siste hoppvekeplassen etter tøff duell med nettopp Hilde. Landslagssjef Alexander Stöckl stod fast på prinsippet om at den som sikrar kvoteplass frå kontinentalcupen skal ta del i hoppveka.

Men det var ikkje lett å vrake formsterke Hilde frå hoppveka. Granerud klarte 36.-plass som best i Garmisch-Partenkirchen, og blei sendt heim då Hilde blei henta til Innsbruck. Hilde kom ikkje til finalen i hoppvekeavslutninga onsdag.

No blir han sendt til kontinentalcupen i Garmisch-Partenkirchen.

– Vi håper Tom kan vere med å kjempe om kvoteplass i neste periode. Halvor får ein ny fortent sjanse i verdscupen. Resultatet frå helga i Willingen og i Garmisch dannar grunnlaget for uttaket til VM, seier Stöckl til NTB.

Laget til VM i skiflyging blir tatt ut måndag.

Rune Velta har hatt oppløftande trening heime i Noreg. Verdsmeisteren tar del i kontinentalcupen i Garmisch-Partenkirchen. Han har tidlegare VM-sølv i skiflyging, men plassen no skal det mykje til å redde. (©NPK)

Annonse