Hilde Frafjord Johnson blir KrFs generalsekretær

(NPK-NTB): Tidlegare statsråd Hilde Frafjord Johnson gjer comeback i norsk politikk når ho blir ny generalsekretær i Kristeleg Folkeparti.

– Det er på tide å komme heim. Eg har fått stadig meir tenning på å komme tilbake til norsk politikk, seier ho til NRK.

55-åringen har lang fartstid i partiet, men har dei siste åra jobba for FN. (©NPK)