Historisk fall i klimautsleppa under koronakrisa

Klimautsleppa stupte då store delar av verdsøkonomien vart lamma av tiltaka mot koronaviruset. Utsleppsfallet i 2020 kan bli det største nokosinne.

Nye tal og analysar dei siste vekene har stadfesta det mange rekna med: Koronakrisa har ført til ein massiv nedgang i utslepp av forureining og CO2.

I EU og Storbritannia sokk CO2-utsleppa frå straumproduksjon med 39 prosent i april, ifølgje ein analyse frå tankesmia Ember, publisert på nettstaden Carbon Brief. Nedgangen er sett i forhold til same periode i fjor.

CO2-utsleppa i India gjekk ned med 30 prosent, anslår Centre for Research on Energy and Clean Air (Crea). Nedgangen i Kina i februar blir rekna å ha vore på 25 prosent.

Kraftig fall i vegtrafikk

Bratte utsleppsfall var det høgst sannsynleg òg i mange andre land som vart «stengt» for å hindre smittespreiing.

Vegtrafikken fall kraftig, og nedgangen i flytrafikk har vore endå meir dramatisk. Stengde fabrikkar førte mange stadar til lågare straumforbruk og kraftig reduserte CO2-utslepp frå kol- og gasskraftverk.

Utsleppa vil etter kvart stige igjen når restriksjonane blir oppheva, og dette har allereie skjedd i Kina. Koronapandemien får likevel ein markant effekt på dei samla utsleppa i 2020.

CO2-utsleppet i verda vil i år falle nesten 8 prosent, trur Det internasjonale energibyrået (IEA).

Historisk nedgang

8 prosent høyrest kanskje ikkje veldig dramatisk ut. Men noko liknande er aldri tidlegare observert sidan den industrielle revolusjonen på 1700- og 1800-talet.

– Utsleppsnedgangen er den største i historia til mennesket, seier Tore Furevik, som leiar Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen.

I tillegg til anslaget frå IEA viser han til andre prognosar som også tyder på at utsleppsfallet i 2020 vil liggje mellom 5 og 10 prosent.

Tidlegare har det vore kortvarige utsleppsfall under den økonomiske depresjonen på 1930-talet, etter andre verdskrigen, under oljekrisa rundt 1980 og etter finanskrisa i 2008. Men effekten no ser ut til å bli kraftigare.

Likevel ikkje målbart

Men sjølv om utsleppa har falle markant over ein avgrensa periode, er dette så langt ikkje synleg i målingane av CO2 i atmosfæren.

I staden held CO2-nivået i atmosfæren fram med å stige. Og viss utsleppa i år fell 8 prosent, vil 92 prosent likevel gå rett til vêrs.

Sjølv om utsleppsfallet blir historisk stort, vil det truleg ikkje eingong vere merkbart i målingane av lufta.

– Effekten vil vere mindre enn dei naturlege variasjonane, seier Furevik til NTB.

Det som må til for å avgrense den globale oppvarminga, er å styre utsleppa permanent nedover. Ein føresetnad er truleg ei kraftig omlegging av energiproduksjonen i verda.

Furevik peikar på at fornybar energi har vorte mykje meir konkurransedyktig dei siste åra. Og medan forbrenninga av kol og olje går kraftig ned i 2020, ventar IEA framleis auke i bruk av fornybar energi.

(©NPK)

Ein folketom Champs-Élysées i sentrum av Paris på frigjeringsdagen 8. mai. Vegtrafikken er blitt kraftig redusert under koronakrisa, noko som har bidratt til store fall i CO2-utsleppa. I Paris stupte utsleppa med rundt 70 prosent i mars, ifølgje BBC. Foto: François Mori / Pool / AP / NTB scanpix

Ein lita handfull bilar på ein motorveg i San Francisco i slutten av mars. Vegtrafikken fall markant då omfattande restriksjonar blei innført for å hindre koronasmitte. Foto: Jeff Chiu / AP / NTB scanpix

Parkerte passasjerfly i Düsseldorf i Tyskland. Flytrafikken har falle dramatisk over store delar av verda under koronapandemien. Dette er likevel ikkje ei hovudårsak til dei kraftige utsleppsfalla, sidan luftfarten berre står for ein avgrensa del av det samla klimautslepp. Foto: Martin Meissner / AP / NTB scanpix