Klargjør siden...
Annonse

Hjelmeset ny trenar for langrennsjentene

(NPK-NTB): Roar Hjelmeset blir som venta ny hovudtrenar for langrennsjentene. 38-åringen har skrive ein kontrakt som går til over OL i 2018.

Det var landslagssjef Vidar Løfshus som presenterte den nye trenaren på Sognefjellet tysdag. Løfshus har lenge vore tydeleg på at han har ønskte å gi Hjelmeset meir ansvar enn det han hadde under Egil Kristiansen.

Problemet har vore at Skiforbundet ønskte å skrive ein kontrakt fram til OL i 2018, mens Hjelmeset ikkje ønskte å forplikte seg meir enn i eitt år.

– Eg og Vidar har diskutert litt. Det er alltid lettare å ta eitt år i slengen enn to. Det er meste det det har gått på, sa Hjelmeset.

– Det hadde iallfall ikkje noko med lønn å gjere, la han til.

Resten av trenarteamet er førebels ikkje kjent. Sjur Ole Svarstad er blant dei aktuelle. Kristiansen gav seg etter førre sesong.

– Dette sikrar kontinuiteten til over OL i 2018. No har vi framleis éi ledig trenarstilling på kvinnesida. Målsettinga er å ha endeleg trenarkabal klar om ein månads tid, sa Løfshus.

Blant herrane har det lenge vore kjent at Tor Arne Hetland er ny hovudtrenar, mens Arild Monsen held fram som sprinttrenar. For knapt to veker sidan vart også Eirik Myhr Nossum presentert som landslagstrenar for herrane. Han skal samarbeide tett med både Hetland og Monsen.

Den norske langrennseliten er denne veka samla for den årlege treningssamlinga på Sognefjellet. (©NPK)

Annonse