Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Ein belastningsskade i hofteregionen har gjort vegen tilbake etter fødselen lenger for Marit Bjørgen. No må skidronninga avlyse renn.
npk@npk.no
Publisert: 04.07.2016 kl 15:29
Det er nemleg klart at både Blinkfestivalen og Toppidrettsveka i midten av august ryk for Bjørgen, melder Adresseavisen.
Bjørgen vart mor for første gong 2. juledag i fjor, og trass i hofteskaden, trur landslagssjef Vidar Løfshus at skistjerna er klar når skisesongen startar i november.
– Det er dit vi skal. Det handlar berre om å bruke tida og byggje seg sakte, men sikkert opp igjen, seier han.
Etter at comebacket vart spolert på Beitostølen droppa Bjørgen Oslo Skishow i Holmenkollen i starten av juni på grunn av skaden i hofta. Seinare i månaden droppa ho landslagstreningssamlinga i Svarstad og ho er framleis ikkje tilbake i full trening.
– Ho er i trening og går på rulleski, men det går ikkje heilt på skjener enno. Ho er på god veg tilbake, men må vere forsiktig, seier Løfshus. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.