Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB-Sjur Natvig): Per-Mathias Høgmo meiner at terrorhandlingane som rammar Europa gjer rolla til fotballen endå viktigare. Spelarane hans er einige.
npk@npk.no
Publisert: 22.03.2016 kl 18:04
– Fotball er kanskje viktigare enn nokon gong, som ein arena der vi kan møtast på tvers av kulturar, på tvers av alder, kjønn og så vidare. Det er ein upolitisk arena, seier landslagssjefen.
– Så tenkjer eg også at dette handlar om dei store spørsmåla i verda, om korleis vi kan syta for at forskjellane ikkje held fram å auka, men at dei i staden minskar, mellom ulike land og mellom folk i det enkelte land. Eg tenkjer at det for den enkelte handlar om å ha eit meiningsfullt liv, eit arbeid. Der slikt skjer er det ofte stor arbeidsløyse, og arbeidsløyse er ein av dei største truslane i samfunnet i dag.
Landslagssjefen og spelarane hans var samla i Tallinn då terroren ramma Brussel tysdag, slik dei var i Budapest under terroråtaket mot Paris i fjor haust. Spelarane gjev Høgmo rett i at fotballen kan ha noko å bidra med.
– Det er utruleg trist å lesa slike nyheiter. Det har skjedd for ofte i det siste, og det gjev jo perspektiv på livet. Du kan vera nervøs og grua deg til ein kamp, men når noko slikt skjer så tenkjer eg at det vi held på med er ikkje farleg i det heile.
Martin Linnes kom til samlinga rett frå Istanbul, som i helga blei ramma av terror, og kampen hans søndag blei avlyst på grunn av frykt for eit terrorangrep.
– Vi ser jo at det kan skje kor som helst. Det er veldig tragisk, men vi må ikkje la oss prega for mykje av det. Vi må oppføra oss som normalt og gjera det vi skal, seier han.
– Det er forferdelege greier, og det gjeld å stå saman. Vi kan snakka litt med kvarandre viss vi trenger det, seier Rune A. Jarstein.
Landslaget har som vanleg med seg tryggingsansvarleg Geir Ellefsen til Tallinn, og Per-Mathias Høgmo er ikkje uroleg for tryggleiken.
– Eg har tiltru til at tryggingstiltak til alltid blir teke vare på både i statar og på tvers av statar slik at spelarane kan bevega seg trygt, seier han. (©NPK)