Høgmo gjer endringar før landskampen

(NPK-NTB): Verken Martin Ødegaard eller Marcus Pedersen er aktuelle før kampen mot Island på Ullevaal onsdag. Det informerte Per-Mathias Høgmo om under pressekonferansen tysdag.

– Det blei ei ny runde for Castilla med to kampar, så det gjer Martin uaktuell for samlinga, seier Høgmo.

På spørsmål om kva framtid 17-åringen har blant reservane til stjernegalleriet til Real Madrid, trur landslagssjefen at hovudstadslaget vil ta ei evaluering etter sesongen.

– Han har vore i Castilla i 15-16 månader no, så eg trur dei vil ta ei veldig grundig evaluering. Konklusjonen trur eg blir at han skal spele førstelagsfotball ein eller annan stad. Eg vil støtte eit slikt val, forklarer Høgmo.

Strømsgodset-spiss Marcus Pedersen blir heller ikkje å sjå på Ullevaal-matta onsdag kveld etter at hamarsingen fekk ei kjenning på ei gammal skade under treninga tysdag.

– Det er ein fordel med at skadene kjem no, og det er at dei opnar opp for andre. Som ein liten nasjon er vi sårbare for skader, men det fører til at fleire får erfaring inn mot meisterskap.

Blant nykomarane i troppen før kampane mot Island og Belgia er den ferske opprykksfinalemesteren Adama Diomande. 26-åringen rykte opp til Premier League med Hull i helga.

– Det var stort, og sjølv om han ikkje var i troppen til finalen, har han vore ein del av det. Det blir interessant å sjå om han kan klarer å banke seg inn i laget gjennom oppkøyringa fram mot neste sesong, avsluttar Høgmo. (©NPK)

Annonse