Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Per-Mathias Høgmo fekk opp stemninga på pressekonferansen i Tallinn onsdag ved å mimre om da han slo Estland med ein million «myggs» som tilskodarar.
npk@npk.no
Publisert: 23.03.2016 kl 14:51
Ein lokal journalist spurde om Høgmo hugsa kampen han spelte for samelandslaget mot Estland i 1991.
– Ja, det gjer eg. Eg var spelande trenar for Sápmi, og vi vann 2– 1. Det var 4.000 tilskodarar, og så var det ein million «myggs», sa Høgmo på engelsk.
– Eg tvitrar aldri frå pressekonferansar, men denne må berre ut, sa Jan Åge Fjørtoft frå bakarste benk i konferanserommet på Hotel Olümpia.
Kampen i 1991 vart spelt da Estland nettopp hadde vorte fri frå Sovjetunionen, før landet fekk spele offisielle landskampar.
Estland fekk elles revansj mot Høgmo med 1-0-siger over Noreg på Ullevål i november 2014, der det var 9.580 tilskodarar og ingen «myggs». Torsdag møtest laga igjen i eit vinterleg og myggfritt Tallinn. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.