Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
Ikkje sidan november 2009 har så få veljarar stilt seg bak Høgre som no, viser ei fersk TV 2-måling.
innenriks.vaktsjef@ntb.no/beate.haugtro@npk.no
Publisert: 02.12.2019 kl 18:20
Berre 19,1 prosent av dei spurde seier dei ville ha stemt på Høgre viss det var stortingsval i dag, ifølgje målinga Kantar har laga for TV 2. Ei slik oppslutning ville gitt Noregs nest største parti 34 stortingsrepresentantar.
– Det er veldig vanskeleg å spekulere, men vi skaper ikkje nok entusiasme for politikken vår, og då må vi jobbe med det, seier statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg til kanalen.
Men bildet er ikkje heilsvart for Solbergs regjeringsprosjekt: Framstegspartiet får ein framgang på 0,6 prosentpoeng til 9,8 prosent samanlikna med novembermålinga. Både Venstre og KrF går fram 1 prosentpoeng og kjem over sperregrensa med høvesvis 4,4 og 4,1 prosents oppslutning.
På raudgrøn side fell Senterpartiet 1,9 prosentpoeng tilbake til 17,6 prosent, medan SV etter ein solid nedtur i november no går fram igjen med 2,3 prosent og endar på 7,9 prosent.
Andre parti: Arbeidarpartiet 21,9 (-0,7), Raudt 5,0 (-1,6), Miljøpartiet Dei Grøne 6,1 (-0,8), andre lister og parti 4,2 (+2,1).
Målinga er laga i tidsrommet 25.–29. november. 974 personar er intervjua, og 81,5 prosent gav opp preferanse. Feilmarginen er +/- 1,2-2,8 prosentpoeng.
(©NPK)
Statsminister Erna Solberg (H) under finansdebatten i Stortinget nyleg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix