Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Det er stor forskjell på støtta partia fekk til valkampen i år. Mens Høgre fekk 11 millionar, måtte KrF nøye seg med 34.000 til vaffelhjarte og andre valkamputgifter.
npk@npk.no
Publisert: 22.10.2015 kl 11:07
Arbeidarpartiet fekk nest mest støtte, 8,5 millionar kroner, dersom ein ikkje reknar med dei 20 millionane partiet fekk til gjenoppbygging av Utøya, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
Mesteparten av støtta til Høgre kom frå kommersielle føretak, men 3,3 millionar kom også frå privatpersonar. Til saman gav privatpersonar 5,5 millionar kroner i bidrag til dei ulike partia. Arbeidarpartiet fekk det meste av si støtte frå arbeidstakarorganisasjonar.
SV, Frp og Sp fekk alle mellom 2 og 3 millionar kroner i støtte, mens Venstre fekk 1,4 millionar og MDG fekk 898.000 kroner, det meste frå privatpersonar. Raudt fekk 341.000, mens KrF berre fekk 34.000 kroner.
Partia treng ikkje rapportere om bidrag på under 10.000 kroner. (©NPK)