Annonse

Høgre vil ha kutt i elbilfordelane

Høgre ønskjer ei gradvis opptrapping av avgiftene knytt til elbil etter 2021 og dermed eit kutt i elbilfordelane.

Leiar for Stortingets transportkomité, Helge Orten (H), seier til NRK at partiet vil lage eit føreseieleg avgiftssystem der også elbilane er inkluderte.

– Det betyr at vi må byrje å trappe opp avgifter framover, seier han.

Orten antydar at partiet vil vurdere mellom anna det som går på kjøp og sal av bil og også bruk av bil.

Orten presiserer samtidig at Stortingets mål om at det berre skal seljast nullutsleppsbilar i 2025 står fast, og at det ikkje er snakk om å ta vekk alle gulrøtene.

To av tre nye bilar som blir selde i Noreg i september, var elbilar. Med dagens ordning er elbilar heilt fritekne for både nybilavgift og moms.

Norsk elbilforeining seier til kanalen at dei ikkje er fornøgde med signalet om kjøpsavgifter, som dei meiner passar dårleg saman med målet om å selje berre nullutsleppsbilar i 2025.

(©NPK)

Elbilar i Drammen hamn. Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB