Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Fleirtalet i Høgres kvinneforum ønskjer å utvide grensa for sjølvbestemd abort til veke 18. Frå før har partiet vedteke at «dagens abortlov skal liggje fast».
Publisert: 09.10.2024 kl 12:53
Dette vart vedteke i Høgres kvinneforum tysdag kveld, skriv Vårt Land.
– Eit klart fleirtalet i styret ønskjer å oppdatere abortlova i tråd med dagens kontekst og meiner vi ikkje berre kan la abortlova liggje som ho har vore før, seier 1. nestleiar Anne-Mette Øvrum til avisa.
Dei ønskjer at stortingsrepresentantane til partiet skal stillast fri og stemme etter eiga overtyding når det skal voterast over ny abortlov i Stortinget. Partiet har sjølv vedteke at dagens abortlov bør vere som ho er. Det inneber mellom anna sjølvbestemd abort til veke 12.
(©NPK)
Høgres kvinneforum oppfordrar partiet til å fristille representantane i Stortinget når det skal stemmast over ny abortlov. Foto: Gorm Kallestad / NTB
Artikkelen fortsetter etter annonsen.