Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Sjølv om ein jurymedlem skal ha sovna da forsvararane prosederte, vil ikkje Høgsterett krevje ny behandling av den grove korrupsjonssaka.
npk@npk.no
Publisert: 28.01.2016 kl 17:41
Høgsterett forkasta torsdag anken til dei to mennene som i sommar vart domfelte for grov korrupsjon. Dei meiner Borgarting lagmannsrett gjorde seg skuldig i saksbehandlingsfeil da éin av jurymedlemmene sovna mens forsvararane heldt prosedyrane sine. I så fall måtte dommen ha vorte oppheva og saka sendt tilbake til lagmannsretten for ny behandling.
Domspremissane var torsdag ettermiddag ikkje klare, og det er derfor uvisst om Høgsterett forkasta anken fordi det ikkje er godt nok bevist at jurymedlemmen sovna, eller fordi dommarane meiner det ikkje er å rekne som ein saksbehandlingsfeil at eit jurymedlem sovnar.
Dei domfelte peikar på at observasjonar frå fleire hald underbyggjer påstanden om at jurymedlemmen sovna.
Høgsterett gjorde sjølv visse undersøkingar for å kaste lys over spørsmålet – og henta inn uttaler frå dei tre lagdommarane som deltok i ankebehandlinga i lagmannsretten. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.