Annonse

Høgt sjukefråvær i Nav

Sjukefråværet blant Nav-tilsette ligg over gjennomsnittet i Noreg. Stor arbeidsbelasting og rollekonflikt er utfordringar i etaten, ifølgje intern undersøking.

Frå 2013 til og med 2018 har det gjennomsnittlege samla sjukefråværet i Nav vore over gjennomsnittet i Noreg generelt. Det viser sjukefråværsstatistikken frå etaten som ABC Nyheter har fått innsyn i.

I 2018 var sjukefråværet i Nav 7 prosent mot 6,3 prosent i Noreg generelt.

Målet frå Nav for sjukefråvær i 2019 er eit gjennomsnitt på 6,1 prosent, ifølgje HR-direktør Gunhild Løkkevol.

Hovudverneombod for dei statleg tilsette i Nav, Stein-Arne Hammersland, er bekymra.

- Sjukefråvær både gjeld og påverkar den enkelte tilsette og dei ressursane som Nav kan bruke til å løyse oppgåver for brukarane, seier han.

Sjukefråværet er på veg ned, seier HR-direktøren.

- Første halvår 2019 har vi det lågaste sjukefråværet i Nav på mange år, men erfaringsmessig svingar sjukefråværet gjennom året, seier Løkkevol.

På grunn av det høge fråværet vart det gjennomført ei arbeidsmiljøundersøking i 2018, der det kjem fram at arbeidsmengda og rollekonflikt kan vere ei årsak.

Hammersland peikar på mindre budsjettmiddel som ein del av forklaringa.

- Då kan mengda oppgåver kontra ressursar til å løyse dei, vere noko av forklaringa på at tilsette opplever eit for stort arbeidspress. Det blir det i alle fall peika på ein del stader, seier han.

(©NPK)

Nav-tilsette har i gjennomsnitt høgare sjukefråvær enn nordmenn generelt. Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix