Annonse

Høgtid for sportsidiotar

(NPK-NTB-Lars Eide): Dei kommande vekene er spekka med idrett på TV-skjermen. Her får du ein oversikt over kva godbitar du bør få med deg i jule- og nyttårshelga.

Basketball, handball, fotball, bandy, alpint, hopp og langrenn. Dette er idrettar som ikkje tar fri sjølv om du gjer det. Sjølv den mest garva sportsidioten får ikkje med seg alt i jula. For det manglar ikkje på tilbod.

For den basketfrelste blir det spelt full runde i USA natt til julaftan. Elles har ikkje 24. desember meir aktiv idrett å by på.

1. juledag vil også vere utan mange sportslege innslag. Frå klokka 18 og utover er det likevel meir basketball frå USA.

Det same gjeld for meisterskapsserien.

Norsk bandy har også sin festdag 2. juledag. Fire kampar startar klokka 13 før Drammen og Hamar avsluttar runden klokka 16.

Same dag er det også ny runde i det hektiske juleprogrammet til Premier League.

Dagen etter er det gutanes tur. Då set Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud utfor i italienske Santa Catarina.

Nokre timar seinare startar den tysk-austerrikske hoppveka, som ser ut til å bli veldig spennande sett med norske auge.

To og ein halv time seinare spelar Bodø mot FyllingenBergen.

Hvis du då ikkje er mett – på idrett – på denne sida av årsskiftet, trillar ballen i den spanske toppdivisjonen. Villarreal spelar mot Valencia klokka 16 på nyttårsaftan.

Andre renn i hoppveka og første etappe i Tour de Ski er tilbodet på det som kan bli ein stor norsk idrettsdag. Hoppveka har flytta seg til Garmisch-Partenkirchen. Tour de Ski, med Therese Johaug og Martin Johnsrud Sundby som store favorittar, startar med sprint fri teknikk i Lenzerheide i Sveits.

I tillegg er det ny runde i verdscupen i alpint for kvinner.

Og så er det, som alltid, mange slitne bein i England som skal ut og kjempe om fleire poeng i Premier League.

Hoppveka blir avgjort i Bischofshofen i Austerrike 6. januar. Tour de Ski blir avslutta i den velkjende slalåmbakken i Val di Fiemme 10. januar. (©NPK)

Annonse