Klargjør siden...

Høie: Kvinner er nøkkelen til nok helsearbeidarar

(NPK-NTB-Mette Estep): Innan 2030 bør verda rekruttere 40 millionar fleire helsearbeidarar. Helseminister Bent Høie (H) sit i kommisjonen som skal finne ut korleis. Han foreslår ei massiv kvinnesatsing.

FNs høgnivåkommisjon for helsearbeidarar og økonomisk vekst møttest i Lyon i Frankrike onsdag ettermiddag. Høie brukte Noreg som eksempel på korleis verda kan få rekruttert fleire helsearbeidarar:

– Det at vi i Noreg har så mange kvinner i jobb, er faktisk verdt meir enn olja. Eg brukte eksempelet i dag for å vise kor viktig det er å få kvinner inn i arbeidslivet, samanhengen mellom likestilling og økonomisk vekst, seier Høie til NTB.

Noreg er òg opptatt av å utdanne sjukepleiarar og legar som kan møte dei grunnleggjande helsebehova i heile befolkninga, framfor å utdanne spesialistar. Ikkje minst må kvalifisert personell motiverast til å bli i landet sitt.

– Migrasjon av helsepersonell gjer at for eksempel europeiske land bruker mykje av det helsepersonellet dei afrikanske landa utdannar. Rike land er faktisk ein stor trussel mot helsesystema i utviklingsland. Det er ikkje rett at vi skal møte eige behov ved å rekruttere frå land som treng fagfolk enda meir. På møtet i dag sa eg at vi vil drive helsetenesta vår slik at vi ikkje blir til last for andre land, seier Høie.

Det avsluttande møtet blir i New York i forbindelse med høgnivåveka under FNs hovudforsamling i september, der høgnivåkommisjonen skal leggje fram rapporten sin. Fram mot 2030 er det behov for 40 millionar fleire helsearbeidarar i verda. (©NPK)

Annonse