Høie opna nytt direktorat for e-helse
(NPK-NTB): Helseminister Bent Høie (H) opna tysdag eit nytt direktorat som skal arbeide for gode elektroniske helseløysingar.
– Direktoratet skal vere ein pådrivar for gode e-helseløysingar for å bidra til helsetenesta til pasienten, seier Høie.
Direktoratet for e-helse får Christine Bergland som direktør. Ho har allereie i fleire år arbeidd med e-løysingar i Helsedirektoratet.
– Gjennom desse tenestene vil vi forbetre og forenkle kvardagen både for helsepersonell og innbyggjarar, seier Bergland.
Direktoratet får blant anna ansvar for nasjonale løysingar som e-resept, kjernejournalar og nettstaden helsenorge.no. (©NPK)