Annonse

Høie: Ventetida går ned

(NPK-NTB): Færre ventar på helsehjelp, ventetida går ned og talet på behandlingar aukar, slår helseminister Bent Høie (H) fast. Arbeidarpartiet meiner statistikken er mangelfull.

– Veke for veke, år for år, har statsministeren, helseministeren og finansministeren ikkje late eitt høve gå frå seg til å skryta av seg sjølve og påstå at 42.000 færre står i helsekø. Vi har åtvara mot å bruka så forenkla framstillingar, sa Aps Torgeir Micaelsen då Stortinget fredag ettermiddag debatterte utgreiinga til helseministeren om ventelistesituasjonen.

Han meinte utgreiinga til Høie viste ein «noko meir audmjuk» statsråd og peikte på at helseministeren sjølv slo fast at tala er usikre.

– Dette er ikkje første gongen vi har ein debatt om registrering av ventetider til spesialisthelsetenesta. Rapporten til Riksrevisjonen frå 2012 og tilsynet til Helsetilsynet med handteringa til spesialisthelsetenesta av pasientar med tjukktarms- og endetarmskreft avdekte at sjukehusa registrerte «ventetid slutt» ulikt til Norsk pasientregister, sa helseministeren.

Høie peikte i forklaringa si også på at Helsedirektoratet no skal sjå på årsakene til at delen avviste pasientar har auka sidan 2002.

– Helsedirektoratet skal også vurdera om det er behov for fleire tiltak for å få på plass ei lik og rett praktisering av regelverket. Samla sett er oppdraget relativt tidkrevjande, og fristen for oppdraget blir difor sett til seint i 2016. (©NPK)

Annonse