Klargjør siden...

Høie vil ha godteriet bort frå kassaområda

(NPK-NTB): Helseminister Bent Høie (H) har sett seg lei på at daglegvarebutikkar plasserer søtsaker strategisk rundt kassene. No vil han ha slutt på «godteri-terroren».

Til VG seier Høie at han vil samarbeide med matkjedene for å finne løysingar som gjer at sukker og godteri hamnar andre stadar enn i kassakøen.

– Eg har sett meg grundig lei på det foreldre blir utsette for i kassaområdet i matbutikkane våre. Det blir skrik og krangling fordi det står sjokolade og godteri i høgde med ungane. Den kampen bør foreldra sleppe å ta kvar dag. Det er rett og slett godteri-terror som vi må bli kvitt, seier helseministeren.

– Vi vil ikkje bruke lov eller påbod for å tvinge private aktørar til å rokere på sortimentet, men vi trur at kjedene ser behovet og vil vere med på ei endring, fortset han.

Både NorgesGruppen, Rema 1000 og Coop seier dei er positive til Høies forslag.

– Eg synest det er spennande signal frå Høie. Vi ser for tida på om vi skal prøve meir sunne varer i kassaområdet. Vi må finne ein balanse som passar, seier kommunikasjonsdirektør Bjørn Takle Friis i Coop. (©NPK)

Annonse