Høie vil ha mindre tvangsmedisinering

(NPK-NTB): Helseminister Bent Høie (H) legg fredag fram eit lovforslag som gir fleire psykiatriske pasientar rett til å seie nei til tvangsmedisinering.

Høie ønskjer å vere ministeren som får tvangsbruken til å gå ned, skriv Dagsavisen. Lovforslaget skal styrke rettsvernet til menneske som får behandling i psykisk helsevern. Dersom ein er såkalla samtykkekompetent, skal ein ha rett til å seie nei til tvangsbehandling eller til å avslutte den.

– Dette vil styrke rettstryggleiken til den enkelte. Unntaket er dersom det er fare for sjølvmord eller andres live og helse, seier Høie til avisa.

Han vil også auke talet på dagar det tar frå innlegging til det blir avgjort om ein psykisk sjuk pasient skal tvangsmedisinerast. I dag blir pasientar observert av lege i tre dagar før avgjerda, ein periode Høie vil auke til fem dagar.

– Dilemmaet er sjølvsagt at det kan gjere det vanskelegare for dei pårørande. Dersom ein har samtykkekompetanse og reiser heim, kan livet bli vanskelegare for dei pårørande, særleg om ein blir dårlegare, seier ministeren. (©NPK)

Annonse