Klargjør siden...
Annonse

Hollande vil forlengja unntakstilstanden i Frankrike

(NPK-NTB-Reuters): Den franske presidenten, François Hollande, vil be nasjonalforsamlinga forlengja unntakstilstanden som blei innført etter terrorangrepa i Paris.

– Den franske presidenten har kunngjort at regjeringa skal leggja fram eit forslag om å forlengja unntakstilstanden i tre månader, heiter det i ein uttale frå kontoret til Hollande fredag.

Unntakstilstanden som blei innført etter terrorangrepa i Paris som kosta 130 menneske livet, går ut 26. februar. Han gjev mellom anna fransk politi utvida fullmakter til å gjennomføra husransakingar og påleggja husarrest. (©NPK)

Annonse