Klargjør siden...
Annonse

Homofile menn som ikkje har sex, kan snart få gi blod

(NPK-NTB): Helsedirektoratet er i ferd med å endre regelverket for blodgiving i Noreg, slik at homofile menn skal få gi blod dersom dei ikkje har hatt seksuell omgang på tolv månader.

– Vi har sett på forsking og erfaringar frå andre land og har komme fram til at det er trygt at menn som har seksuell omgang med menn, kan gi blod dersom det har gått minst tolv månader sidan sist dei har hatt sex med ein mann, seier divisjonsdirektør Johan Torgersen i spesialisthelsetenestedivisjonen i Helsedirektoratet til NRK.

Helsedirektoratet byrja arbeidet med å innføre den nye regelen denne veka. Når regelverket kan tre i kraft, er uvisst.

Tor Hervig er tidlegare leiar i kvalitetsrådet for transfusjonstenesta, som er eit fagråd for Helsedirektoratet. Rådet konkluderte i november med at forskrifta om blodgiving for homofile bør endrast.

– Det er viktig at pasienttryggleiken kjem først, men likevel skal ingen diskriminerast. Det er slik at det er ein reell auka smitterisiko for menn som har sex med menn, og da er ein sølibatperiode trygt ut frå erfaringane. Inntil smittesituasjonen blir endra, er dette mest fornuftig, seier Hervig, som elles er overlege ved Haukeland universitetssjukehus. (©NPK)