Annonse

Hongkong-aktivistar kan få asyl på Taiwan

Rettsforfølgde demonstrantar i Hongkong kan få asyl på Taiwan på humanitært grunnlag, opplyser Taiwans president Tsai Ing-wen.

Opp mot 30 aktivistar har flykta til Taiwan som følgje av demonstrasjonane mot regjeringa i Hongkong, ifølgje ei rekke medium. Tsai har oppmoda regjeringa i Hongkong til å ta opp sakene demonstrantane fremmar.

Rådsforsamlinga som overser Taiwans Kina-politikk, vil ikkje kommentere om dei har vorte kontakta av innbyggarar frå Hongkong som søker politisk asyl.

Det har den siste tida vore ei rekke store demonstrasjonar i Hongkong på grunn av eit lovforslag om å tillate utlevering av innbyggarar til fastlands-Kina. Hongkongs regjeringssjef Carrie Lam har sagt at ho vil legge den omstridde utleveringslova død, men demonstrantane har sagt at dei vil halde fram å protestere til lovforslaget formelt er trekt tilbake.

Fleire demonstrantar er arresterte sidan demonstrasjonane byrja i juni.

Hongkong er ein delvis sjølvstyrt by som blir kontrollert av styresmaktene i Beijing. Mellom anna har Hongkong eit uavhengig rettsvesen og eigne lovar som vernar ytringsfridommen fram til 2047.

Taiwan har vore eit sjølvstyrt demokrati sidan 1949. Kina ser på offisielt Taiwan for å vere kinesisk område, men Tsai har nekta å anerkjenne at Taiwan er ein del av Kina.

Forholdet og spenningane mellom Kina og Taiwan har vorte forverra etter at Tsai tiltredde som president for to år sidan.

(©NPK)

Rettsforfølgde demonstrantar i Hongkong kan få asyl på Taiwan. Her frå ein protest 13. juli. Foto: Kin Cheung / AP / NTB scanpix