Hotellstreik kan bli trappa opp

(NPK-NTB): Fellesforbundet vurderer å trappe opp hotell- og restaurantstreiken.

Søndag blei knappe 3.500 hotell- og restauranttilsette tatt ut i streik. Det har ført til at fleire hotell har måtta stengje.

– Vi vurderer opptrapping, men kan ikkje seie når eller om det kjem. Dersom vi bestemmer oss for å trappe opp, vil det gå fire dagar før det kan bli sett i verk, seier informasjonsansvarleg Vidar Grønli hos Fellesforbundet til NTB.

Han streka måndag føremiddag under at det ikkje var fatta noko vedtak om å trappe opp streiken.

– Det har ikkje vore kontakt mellom partane verken offisielt eller uoffisielt, seier Grønli.

Streiken kan blant anna føre til at sjukehushotellet ved Haukeland i Bergen må stengje. Det har 178 plassar.

– Vi opplever det som ein ganske kritisk og dramatisk situasjon, seier divisjonsdirektør Askjell Utaaker ved Haukeland universitetssjukehus til NTB. (©NPK)

Annonse