Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB) Et steinras stengjer fylkesveg 53, hovudvegen til og frå Årdal i Sogn og Fjordane, tysdag morgon. Det er uklart når vegen kan opne og kor stort raset var.
npk@npk.no
Publisert: 10.05.2016 kl 07:10
Vegtrafikksentralen i Bergen fekk melding om raset tysdag morgon. Ei kvinne såg at det var komme ein del småstein i vegbana, melder NRK. Etter å ha køyrt forbi, høyrde ho at det kom meir stein.
– Ti minutt seinare fekk vi ny melding frå andre om at vegen er sperra mellom Kolnostunnelen og Finsåstunnelen. Vi har valt å stengje vegen for å unngå at folk køyrer inn i raset, seier Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen. Fylkesveg 53 er hovudvegen til og frå Årdal og blir brukt av mange pendlarar. Det er uklart kor stort raset er.
Vegtrafikksentralen opplyser at ein entreprenør er på staden, men at ein geolog også må sendast til staden for å vurdere faren for nye ras. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.