Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB-Reuters): Undertrykkinga styresmaktene gjer av kritiske stemmer og organisasjonar i Russland og Kina er den verste på fleire tiår, slår Human Rights Watch fast.
npk@npk.no
Publisert: 27.01.2016 kl 12:34
– I Kina og Russland har leiarskapet ei underforstått pakt med folket: Vi vil gi dykk auka velstand, dersom dykk lar oss styre ansvarleg, seier HRW-direktør Kenneth Roth i samband med lanseringa av årsrapporten til menneskerettsorganisasjonen onsdag.
Dei to stormaktene er ifølge HRW blant verstingane i å slå ned på sivilsamfunnsgrupper gjennom å innføre lover som styrereim for arbeidet og kuttar internasjonal finansiering.
– Mens økonomien går nedoverbakke, er dei uroa for reaksjonar frå folket. Og vi ser både i Russland og Kina inngrep mot sivilsamfunnet som vi ikkje har sett på ein generasjon, seier Roth.
Kina avviser all kritikk av i landet menneskerettsprotokollen, mens Russlands president Vladimir Putin har antyda at internasjonal støtte til borgarrettsgrupper er politisk motivert og meint å undergrave regjeringa. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.