Klargjør siden...

HRW: Kaotiske tilstandar i asylsenter på greske øyar

(NPK-NTB): Forholda for dei mange flyktningane og migrantane som er innestengde i asylsenter på greske øyar, er under alle kritikk, meiner Human Rights Watch (HRW).

Representantar for menneskerettsorganisasjonen besøkte senter på Samos, Lesvos og Chios i midten av mai. Sentera vart etablerte som såkalla hotspots slik at flyktningar og migrantar skal kunne registrerast og søke om asyl når dei kjem til Hellas.

Sentera er likevel overfylte, skitne og uhygieniske, ifølgje HRW. Bebuarane må stå i lange køar for å bli servert mat av dårleg kvalitet, og mangelen på informasjon bidrar til ein kaotisk og utrygg stemning i alle dei tre sentera. Nesten kvar einaste dag blir det melt om valdsepisodar. Situasjonen er spesielt vanskeleg for kvinner og barn ettersom dei må bu saman med menn som dei ikkje er i slekt med.

– I Europas versjon av flyktningleirar lever kvinner og barn som har flykta frå krig, i frykt, seier Bill Frelick i HRW.

I Vathi-senteret på Samos braut det ut eit masseslagsmål som involverte om lag 200 menn 13. mai. Senteret har 250 senger, men så mange som 945 personar var innkvarterte i senteret då uroa braut ut. Då HRW besøkte senteret dagen etter, fann dei blodstenkte klede og blodflekkar på golvet. Fleire menn og kvinner med blåmerke og kular på kropp og hovud vart undersøkte av utsendingane.

Bebuarane har fortalt at politiet trekte seg unna da slåstkampen begynte. 14 personar vart innlagde på sjukehus etter uroa, fleire av dei med knekte armar og bein. (©NPK)

Annonse