Huitfeldt: Djupt bekymra for utviklinga i Israel

Noreg følgjer nøye med på den pågåande situasjonen i Israel, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap), som er bekymra over utviklinga.

– Eg er djupt bekymra for den utviklinga vi no ser i Israel. Det har gått frå vondt til verre. Noreg følgjer nøye med på dei pågåande rettsreformene, og israelske styresmakter er godt kjende med vårt syn, seier ho til NTB.

Det har vore store demonstrasjonar i Israel fleire månader, og dei auka søndag etter at statsminister Benjamin Netanyahu sparka forsvarsministeren i landet. Forsvarsministeren gjekk laurdag ut og bad Netanyahu om å mellombels stanse den planlagde og omstridde rettsreforma.

– Demonstrasjonane vi såg i går kveld, er eit uttrykk for den kraftige motstanden i Israel mot dei pågåande rettsreformene. Dersom rettsreformene blir gjennomførte, vil det svekkje det israelske demokratiet, seier Huitfeldt.

(©NPK)

Utenriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) er djupt bekymra for utviklinga i Israel. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB