Annonse

Huitfeldt er redd for at Israel–Palestina-konflikten skal bli gløymd

Utanriksminister Anniken Huitfeldt vil gjere det ho kan for at ikkje konflikten mellom Israel og palestinarane blir gløymd. – Det kan eksplodere, åtvarar ho.

Åtvaringa kjem før ho skal leie eit ein open debatt om konflikten i FN s tryggingsråd onsdag.

– Situasjonen er svært anstrengd. Den kan eksplodere igjen, sa Huitfeldt (Ap) då ho møtte norske pressefolk i New York måndag.

Ho meiner Noreg, som leier givarlandsgruppa for palestinarane (ALHC), har eit særleg ansvar for å sikre at merksemda om konflikten blir halden oppe, sjølv om det er fleire andre konfliktar og kriser som krev merksemda i verdssamfunnet.

Ved sjølv å leie debatten om konflikten tek ho saka opp på ministernivå.

– Det blir lagt merke til, meiner ho.

Held fast på palestinsk stat

Den israelske statsministeren, Naftali Bennett, har gjort det klart at det ikkje er aktuelt med samtalar med den palestinske sida, og han har òg halde fast på motstanden sin mot at palestinarane skal få sin eigen stat.

Men Huitfeldt påpeikar at det er ulike vurderingar av saka i den israelske regjeringa, som er ein svært breitt samansett koalisjon.

– Det er ingen veg til fred utan ei tostatsløysing, meiner den norske utanriksministeren.

Vil opne Gazastripa

Sjølv om situasjonen er fastlåst, vil Huitfeldt likevel ikkje vere med på at det er urealistisk å få gjort noko.

– Det er ikkje nokon forhandlingar no, men vi har tru på at vi kan gjere noko for å forbetre den palestinske økonomien, seier ho. Ho håpar på ei opning av Gazastripa, noko som kan hjelpe det palestinske næringslivet.

I debatten onsdag vil ho òg påpeike at israelske busetjingar i okkuperte palestinske område øydelegg for ei tostatsløysing.

(©NPK)

Sjølv om det ikkje er nokon fredsforhandlingar i sikte, vil utanriksminister Anniken Huitfeldt (t.h.) halde liv i tanken om ei tostatsløysing. Under ein debatt i FN onsdag vil ho snakke om behovet for å støtte den palestinske økonomien og påpeike at israelske busetjingar øydelegg for ein framtidig palestinsk stat. På biletet er Huitfeldt saman med Noregs FN-ambassadør Mona Juul utanfor FN-hovudkvarteret i New York. Foto: Pontus Höök / NTB

Militante palestinarar fotograferte under trening i Rafah sør på Gazastripa i romjula. Noreg fryktar at konflikten kan eksplodere igjen, og bruker den norske leiarskapen i FNs tryggingsråd for å prøve å få verdssamfunnet til å engasjere seg. Arkivfoto: AP Photo /Adel Hana / NTB